The Grammar of Verb-Particle Constructions in Spoken Norwegian

Leiv Inge Aa · NORA - Norwegian Open Research Archives · 2015

Samandrag: Avhandlinga The Grammar of Verb-Particle Constructions in Spoken Norwegian tek føre seg verbpartikkelkonstruksjonar i norske målføre. Ein verbpartikkel er eit lite element (oftast ein preposisjon) som er semantisk og syntaktisk sterkt knytt til hovudverbet i setninga, og dessutan ofte til ein omkringliggjande substantivfrase (DP). I norsk kan partikkelen stå anten til venstre (LPrt) eller høgre (RPrt) for DP-en; i det følgjande dømet er ut partikkelen: Johan kasta (ut) hunden (ut). Medan partikkelen i regelen berre står til venstre for DP i svensk og berre til høgre for DP i dansk, har det i den teoretisk-lingvistiske litteraturen tradisjonelt vore hevda at partikkelen alternerer fritt i norsk. Men i den dialektologisk orienterte litteraturen har det lenge vore hevda at partikkelen er føretrekt til venstre i norske målføre. Med data mellom anna frå det nordiske dialektkorpuset og frå feltarbeid gjort i det trøndske dialektområdet stør eg den dialektologiske tilnærminga. Eg freistar å forklare skilnaden mellom LPrt- og RPrt-konstruksjonar semantisk, og hevdar at setninga Johan kasta ut hunden er ein meir dynamisk og prosessaktig konstruksjon enn det resultative alternativet, Johan kasta hunden ut. Eg diskuterer òg metaforiske konstruksjonar, som ikkje er assosierte med ei retning: Johan tenkte ut planen. Desse har ein endå sterkare tendens til å la partikkelen stå til venstre enn den retningsgjevande varianten. Avhandlinga er fundert i eit generativt rammeverk og plasserer seg i prinsipp- og parametertradisjonen, men framfor alt òg i det nykonstruksjonistiske rammeverket. Særleg frå kapittel 5, når avhandlinga bringar nye og tidlegare til dels uutforska data på bana, blir tilhøvet mellom ein tradisjonell derivasjonell modell og ein nynonstruksjonistisk (eksoskeletal), representasjonell modell studert meir i detalj. Her diskuterer eg setningar som ta av bordet og gå på toget i dei to ulike modellane og prøver å finne ut kva semantiske konsekvensar valet av modell får. I utgangspunktet skil eg mellom tre semantiske nivå: eit strukturelt, eit leksikalsk og eit ikkje-lingvistisk nivå. Eg konkluderer med at valet av ein representasjonell modell gjer at noko av semantikken som er rekna for å vere strukturell i dei tradisjonelle derivasjonelle modellane, må høyre heime i det ikkje-lingvistiske domenet. I den siste delen av avhandlinga diskuterer eg preposisjonen/partikkelen med syntaktisk og semantisk og prøver å avklare kva den semantiske eigenskapen samanstilling tyder.

Read the paper · More papers on PaperTik